Gudstenesteverkstad
- Tid
- tir 1. des kl. 13:00–14:30
- Sted
- Klepp gamle kyrkje, Prestevegen 7, 4352 Kleppe, Norge
- Pris
- Gratis
Gudstenesteverkstad er eit gratis tilbod til alle barn i 1.-7. klasse i Klepp. Ein tysdag i månaden møtest barna i kyrkja etter skuletid for å førebu gudstenesta påfølgjande sundag. Opplegget startar med felles måltid, og barna vel mellom drama, song, forming, høgtlesing eller praktiske oppgåver. Dei avsluttar med leik og sosialt samvær.